Etter en lang pause og travle uker har jeg endelig klart å få
samlet et nytt intervju med en av folkene i
Skolelinux-miljøet.
Denne gang er det Helge Tore Høyland, en mangeårig bidragsyter på
epostlistene og ellers i prosjektet.
Hvem er du, og hva driver du med til daglig?
Eg er IT-konsulent/teknikker hjå eit firma i Steinkjer med navn
Uno IT. Uno IT er eit lite firma som
drifter nettverk og maskiner for små og mellomstore firma
Steinkjer-området. Per dags dato er me 2 ansatte. Min faglege bakgrunn
er Fagbrev som it-teknikker, samt nokre fag innen nettverk- og
server-drift frå HiST og NTNU. Dagleg arbeid består i oppsett av nye
maskiner og hjelp til sluttbrukere, samt oppsett og vedlikehold av eit
vidt spekter av fagsystemer ute hjå kunder. Erfaring med Skolelinux
har eg hatt i forbindelse med drifting av
Bjørkly skule, ein privat
grunnskule i Namsos-området. I dag har skulen 65 elever, 15 lærere, 1
hovedserver og ca 60 klienter som kjører halvtjukt. Eg har bygd og
driftet systemet sidan summaren 2006.
Hvordan kom du i kontakt med Skolelinux-prosjektet?
Eg kom i kontakt med Skolelinux-prosjektet via ein artikkel i eit
fagblad, som eg ikkje lenger hugsar namnet på. I og med at eg allereie
hadde pusla med nettverk for ein annan skule, fatta eg straks
interesse for prosjektet.
Hva er fordelene med Skolelinux slik du ser det?
Fordelane med Skolelinux er sentralisert administrasjon og svært
mange gode verktøy «ut av boksen». Veldig kjekt å kunne drifte 60
klientar med berre å «bry» seg med ein server. Levetid for systemets
hardware er og ein veldig fin effekt. I tillegg kjem fordelar som økt
sikkerhet og mindre lisenskostnader. Etter min erfaring er det og
mykje mindre driftskostnader med eit slikt system enn konkurrerande
system, pga enkelhet med sentralisert administrasjon. På grunn av at
Skolelinux er basert på Debian er det òg svært stabilt.
Hva er ulempene med Skolelinux slik du ser det?
Ulemper er mangel på vilje til å følge standarer ute i markedet,
som fører til mangel på støtte til nokre mykje brukte ting. Flash og
Java er typiske eksempel. Sidan Debian satsar på stabilitet framfor å
ha nyeste pakke av eit program, kan ein i nokre tilfeller kome borti
at program vert «for gamle». Det er spesielt nettlesaren som er
utsett. Mangel på vilje til å utvikle pedagogisk programvare, i Noreg,
for «alle» platformer fører òg til noko hovudbry.
Hvilken fri programvare bruker du til daglig?
Til dagleg bruker eg svært mange forskjellige «fri programvare»
program. Firefox, Thunderbird, Freecommander, ImgBurn, Clonezilla,
OCS inventory, Icinga, Skolelinux, SystemRescueCD og mykje meir.
Hvilken strategi tror du er den rette å bruke for å få
skoler til å ta i bruk fri programvare?
Strategisk må ein fokusere på at sluttbruker eigentleg ikkje er så
fokusert på at det er fri programvare men at det skal «berre fungere».
Gjer det enkelt å bruker og ikkje minst å administrere. For Skolelinux
sin del må ein få eit betre fokus på overganger. Utbytting av servere
må gå meir automatisk, import og eksport av brukerbase og maskinbase
med meir må kunne gå enkelt og oppgradering til neste versjon må bli
mykje meir automatisk og gjennomtesta. Ein må unngå at ein må sette
opp frå start når ein byter ut ein server eller oppgraderer til neste
versjon. For å få Skolelinux til å bli eit betre alternativ for skular
må ein ha fokus på nettlesaren. Denne må bli «up to date» og støtte
dei protokollar og tillegg som vert brukt av forlag med meir. Etter
kvart som meir og meir blir flytta ut i «skya» vert dette viktigare og
viktigare. Ein kunne ynskje og jobbe for at forlag med fleire tar i
bruk opne standarer, men inntil det skjer, må systemet kunne brukast
mot desse fagsystema.
For meg har prosjektet med Skolelinux vore ein svært artig og
lærerik prosess. Miljøet rundt er ikkje enormt stort, dog stort nok,
men det er svært hjelpevillig og engasjert.